1. EIN GREIDER MEIR ENN EIN TRUR 

    Ein maktar mangt i ofsemod og naud, 
    når ein er lyft og utum kvardagsbalet. 
    Som her ein haust eg vanta noko smale 
    og alt eg leita ikkje fann ei klauv . 

    Det grugga til med snø, vart glatt å gå, 

    og då eg stumra på dei, hadde talet, 
    flaug dotten ut for fyrste lokkehjalet, 
    og myrkret kjem i fjellet tidleg på. 

    No tenkte eg med meg, eg slepper ikkje! 

    Og høgt og lågt og kringum som ei bikkje 
    eg jaga dei til støls og inn ei dør. 

    So la eg meg. Og vakna glad og ør, 

    eg visste sauene bak grind og gardar. 
    Der låg tri gimbrar greidt og - fire harar.


    (nokre ordforklaringar: smale = sau, gimber = ungsau)

    SNIGELEN

    Frå dyskvått, skuggalt gras kom han til vegen,
    eit veldig hav av grus som duvar grått.
    Men lygrå dimd og muskregn spår han godt
    og lagleg ver for yverfart. Sterkt dregen
    legg han i veg, set modig beint til havs
    med djerve stag og baugspryt liksom «Håpet».
    Eit farleg hav! Her er det utrygt, ope,
    og havaristar ligg her alt i grafs.
    Men det er tidleg enno; ingen bil
    å høyra, mjølki og eit rakle hjul
    er venteleg på farten; sol i sand
    er dauden. Byrg skrid han utan tvil
    sin kongeveg,
     -
     veit burtum veghard kul
    er råsken snigleskog og grøne land.
    (lygrå= grå og mild / lun, råsken = fuktig, rå)
  2. SOMMEREN VESTERUT

    Jeg vil dra op og gå, og gå mot vest
    for sommeren er sval der av linn blæst
    og ingen steder lyser marken grønn

    som der. For der er regn og sol, sol og regn
    og stumme stille fjæll og urgrå stein
    der tiden står og står som sto den still

    fra tidegry – inntil med ett: et skrik
    av lom som letter ut en øde vik
    lar ekko rulle fjæll i mellem, tungt

    og vildt. Og der er ørn og hjort og mår,
    og tropelys hvor revebjellen står
    giftig skjønn. Og hvor er høiet krydret

    søtt som der? - Ingen steder! Ingen klang
    av sommersjø mot skjær og lukt av tang
    som ut i vest - i dønningsus og tidevann.

    (Claes Gill)
Laster inn
Send tilbakemelding